Tilbake
Johan Moen

Animasjonsverkstad - V21

Elevane startar med å lage figurar som dei så får setje inn i boksar og animere ved hjelp av nettbrett og appen Stop Motion Studio. Formidlar gir ei innføring i korleis fortelje ei lita historie, og elevane skal samarbeide om å lage figurar og bakgrunn. Dei får også legge på musikk og stemmer til figurane før dei får sjå filmane på tavla. 


Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Charlotte M. Rintler har utdanning innan animasjon/illustrasjon og kunst frå universitet i Manchester og Milano. Ho har også teke kurs i spesiell dukkeanimasjon i Praha.

Simon Furdal har eksamen frå Høgskulen i Volda med kortfilmen 'Warp' som har blitt vist på festivalar over heile verda. I løpet av dei siste 7 åra har han arbeidd med fleire andre kortfilmar, både som animatør og oppfinnar.

Publikumskommentarer