Tilbake

En kortfilm som utfordrer fordommer - V21

Ei lita jente er mistenkt for å ha stole ei lue, og vektarane på kjøpesenteret går til aksjon. Det oppstår ein vanskeleg situasjon for alle involverte, med ein god del ufrivillig humor undervegs. Løysinga er både overraskande og utfordrande. 



Kortfilmen "Money Back, Please" er filma under opningstida på eit kjøpesenter i Kristiansand. Gjennom eit skjult filmteam observerer vi ein situasjon som utspelar seg på senteret.  

Filmregissør Even Hafnor fortel korleis og kvifor han har laga denne filmen, kva verkemiddel han har brukt og kva effekt desse har. Han kjem også inn på problem og etiske dilemma rundt det å bruke skjult kamera.

Spørsmål diskusjon med elevane:

Korleis handterer karakterane i filmen den situasjonen som utspelar seg på kjøpesenteret? Kva ville du sjølv ha gjort? 

Ville vektarane handtert sitasjonen annleis om jenta var etnisk norsk? 

Kva gjer du viss du er vitne til at nokon treng hjelp i det offentlege rom?

Målet med denne DKS-visninga er å gi ei filmoppleving som overraskar og utfordrar elevane. Filmen set søkelys på eigne fordommar og kan skape gode diskusjonar i klasserommet, der elevane sjølve må ta stilling til kva som er rett og gale. 

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Publikumskommentarer

Hei! Jeg ser at denne filmen er rettet mot 8-10 trinn. Men vi jobber mye med fordommer og etiske dilemma i yrkesutøvelsesfaget. Er det mulig å få delta på dette. Vi har 3 klasser på på 15 elever i hver. Med vennlig hilsen Elisabeth BirkelandPublisert av: Elisabeth Birkeland (klasse - Åsane VGS) – 9.6.2020 9:41