Tilbake
Bjarte Bjørkum/Samlaget
Vegard Markhus

Ei kjedeleg bok - V21

«Ei kjedeleg bok» er eit forfattarbesøk med song, høgtlesing, samtale og teikning. Saman med elevane vil forfattaren fundere over kva som er kjekt og kjedeleg, og elevane får lære ein ny song om dette. Boka er laga med tanke på høgtlesing, og det er lagt opp til at elevane skal vere medhjelparar og kome med innspel undervegs i historia.

Ei kjedeleg bok (2017) er ei biletbok på nynorsk. Boka har fått god omtale i NRK og Barnebokkritikk.no, og er omsett til kinesisk og dansk. Ei kjedeleg bok er ein hyllest til fantasien, og i løpet av framsyninga skal elevane fantasere og dikte opp ein heilt ny karakter som ingen har møtt før. Ingen veit kva han heiter, ingen veit kvar han bur.

For- og etterarbeid:
​​​​​​​Det viktigaste målet er å gje elevane ei positiv oppleving i møte med litteratur, og pirre eigen fantasi og skapartrong. For å skape forventning, er det naturleg at elevane førebur besøket ved å planlegge spørsmål til forfattaren. Kanskje nokre elevar er nyskjerrige på korleis det er å ha skriving som yrke. Som etterarbeid kan elevane arbeide vidare med skriving og teikning.

Songen dei har lært under forfattarbesøket, ligg på Youtube. Denne kan også brukast i ettertid.  

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland
  • Kunstnarar / grupper: Vegard Markhus

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Vegard Markhus er forfattar, illustratør og lærar. Han har vore på ei rekkje turnéar med bøkene sine.

Publikumskommentarer