Tilbake
HFK
HFK
Lars Opstad
Lars Opstad
Lars Opstad

Dråpen Vannders - V21

Dråpen Vannders er ein liten dråpe som bur høgt oppe i ei sky på himmelen. Ein dag byrjar rare ting å skje med han. Slik det gjer med alle dråpar. Vannders legg ut på si aller første reise. Ei reise rundt i vatnet sitt krinslaup. På vegen møter han både Skyline, Reinert og bekkeførar Beckstrøm. Det vert dramatisk, morosamt og litt skummelt. Historia vert levande fortalt med kostymer, musikk og fine songar.
Mange komponistar og musikarar har lete seg inspirere av vatn. Dei har laga musikk som handlar om dei mange utgåvene vatnet kan ha i form, lyd og storleik. Elevane får høyre fleire døme på dette og musikarane nyttar instrumenta sine til å skape lydar og stemningar i historia. Velkomen til Vannders si eventyrlege reise!

Lærarrettleiing

PRAKTISKE KONSERTFØREBUINGAR

Konsertlokalet må vere ope og klart minst 45 min før konsertstart
Elevane kan sitte på stolar og matter og danne ein halvsirkel kring sceneområdet som vert på eine langveggen.
Dråpen Vannders har med mykje utstyr og treng berehjelp både før og etter konserten.
Det er alltid kjekt for musikarar “på vegen” om det finst kaffi/te når dei kjem.

FORARBEID
Det er fint om klassane har snakka litt om vatnet sitt krinslaup før konserten. Det at vatn vert til skyer, skyer vert til regn, elvar til hav osv..Skulane står også fritt til å f.eks pynte lokalet med teikningar, figurar eller anna som kan knyttast til vatn.
Ein kan kanskje teikne Vannders også? Han ser ut som på framsida her.


Vel møtt til konsert!

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland
  • Kunstnarar / grupper: Badekarane - Kjetil Olai Lundø, Norvald Dahl, Ivar Kolve
  • Idé/ opplegg: Utøvarane i samarbeid med produsent.

Om kunstnar / utøvar / gruppe

MUSIKARANE
Kjetil Olai Lundø (bass) er frå Haugesund. Han har studert klassisk kontrabass på Griegakademiet i Bergen og har sidan livnært seg som frilansmusikar med jazz og improvisert musikk som hovudfelt. I tillegg til dette har han jobba innanfor folkemusikk, old time, klassisk og rock.
Kjetil Olai har skrive hovudmanus til historia om Dråpen Vannders

Ivar Kolve (marimba/perkusjon) er frå Voss, men bur i Bergen. Han er utdanna frå Bergen musikkonservatorium og har m.a. studert hjå Dave Samuels i USA. Sidan 1991 har han arbeidd som frilansmusikar og komponist med mange ulike oppdragsgjevarar.Ivar Kolve mottok Vossajazzprisen i 2000.

Norvald Dahl (piano) er frilansmusikar frå Fosnavåg på Sunnmøre. Han har jazzutdanning frå musikkonservatoriet i Stavanger og jazzlinja i Trondheim. Norvald Dahl har ein stil som kombinerer klassisk tone med moderne formspråk influert av både jazz, klassisk og folkemusikk.

Publikumskommentarer