Tilbake
Kristine Hindmarch Flyvholm
Kristine Hindmarch Flyvholm
Kristine Hindmarch Flyvholm

Å vente på FN

Gjennom dokumentarfilmen “Å vente på FN” blir elevane kjende med ein familie på fire frå det okkuperte Vest-Sahara. Familien har budd i ein flyktningleir i over 40 år.  

Etter at elevane har sett den 35 minutt lange dokumentaren, vil regissør Ane Oltedal og regiassistent Asria Mohamad, som vaks opp i flyktningleiren, ha ein samtale med elevane.

Vest-Sahara er okkupert av Marokko, og i over 40 år har det saharawiske folket levd i provisoriske flyktningleirar i ein ørken i Algerie.  Familiefaren Bah har vakse opp med forteljingar om kampar i heimlandet, Vest-Sahara. Både faren og bestefaren hans kjempa for heimlandet med våpen. Alt Bah gjer er å vente, - evig venting i ein ørken i eit framandt land. Kanskje burde dei ta til våpen igjen, tenkjer han. Sonen Taleb likar ikkje at faren stadig snakkar om krig.

Elevane får eit nært innblikk i korleis ein heilt vanleg familie, i ein heilt uvanleg situasjon, får kvardagen til å gå rundt med små utsikter til ei betre framtid. 

Etter filmvisninga vil Ane Oltedal og Asria Mohamad samtale med elevane. Her kan dei ta opp mange tema som er relevante i ulike fag i vgs og på U-steget; geopolitikk, FN, EU,  flyktningar, bistand, medieetikk, mediepåvirkning m.m.

Vedlegget viser at dokumentaren enkelt kan brukast til å ta opp tema som som er nedfelte i skulen sine læreplanar. 

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Regissør Ane L. Oltedal er utdanna dokumentarfilmskapar og sosialantropolog. Ho har tidligare laga dokumentarar om urfolk i Bolivia, om ein postmann i Røldal og om mobbing i Stavangerskulen. Ho har undervisningserfaring frå vidaregåande skule, universitet og fengsel. 

Regiassistent Asria Mohamed er utdanna journalist, fødd og oppvaksen i dei saharawiske flyktningleirane i Algerie. Til vanleg arbeider ho for Støttekomiteen for Vest-Sahara. Ho har lang erfaring med å snakke om situasjonen til saharawiane med ulike målgrupper, og har gitt intervju i fleire samanhengar: https://www.google.com/search?q=asria+mohamed&oq=asria+moham&aqs=chrome.0.69i59j69i57j0l2j69i60j69i61.1464j0j7&sourceid= chrome&ie=UTF-8 

Marta Lyngstad er regiassistent, konsulent og initiativtakar. Ho er utdanna samfunnsgeograf med master i internasjonal migrasjon, har jobba med flyktningar i Algerie, Jordan, Hellas og Norge. I dag arbeider ho som flyktningkonsulent i Asker kommune. 

Publikumskommentarer