Tilbake

Digital litteratur, Terje Torkildsen

Våren 2020 har DKS nokre digitale tilbod. Tanken er at skulane lett kan formidle desse tilboda til elevane gjennom digitale medie. Under her ligg det også ei lærarrettleiing som seier meir om produksjonen.

Torkildsen har jobba som standup-komikar i 20 år og brukar mykje humor i formidlinga si. Han debuterte i 2008 med ungdomsromanen Marki Marco, som vann Uprisen, og har sidan gitt ut ungdomsbøkene Dystopia 1-4, Arrfjes, Stavanger Stories 1-2 og Isla Bonita. Han skulle ha vore på DKS-turné i Vestland, men har no i staden laga nokre korte formidlingsøkter frå programmet.

Lærarrettleiing

Last ned:
Lån e-bøker!

Med appen Bookbites og nasjonalt lånekort kan heile klassen låne e-bøker av Terje Torkildsen. Sjå her for meir informasjon om Bookbites.

Nasjonalt lånekort kan du no skaffe deg digitalt, sjå meir informasjon her

Bøker av Terje Torkildsen som er tilgjengeleg:

  • Isla Bonita (e-bok og lyd)
  • Arrfjes
  • Stavanger stories 1 (e-bok og lyd)
  • Marki Marco
  • Humorboka
  • Dystopia (del 1) (del 2,3 og 4 er tilgjengeleg)

Ta gjerne kontakt med Astrid Sundset Moe på fylkesbiblioteket (astrid.sundset.moe@vlfk.no, 57637953) om du har spørsmål. OBS: om mange lånar same bok samtidig kan biblioteket gå midlertidig tom for lisensar på boka. Ta difor kontakt med Astid,  så kjøper dei inn nye lisensar.


Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Publikumskommentarer