Tilbake
Andreas Eikeseth Nygjerd

Tyleprat og fotside bogedrag

I denne framsyninga tek Jens Brekke og Vidar Underseth publikum med seg til Vikøyri på byrjinga av 1960-talet, der ein mellom anna vil få møte karane på Lassabeinkjen. Jens, som sjølv kjem frå Vik, seier det slik: - Der vart adle sakje tekne opp, utan saklista og utan aostemming. Her va da sjølva prate so va da adle viktigaste, og ikkje minst – tylepratet! I tillegg til lett og ledig tyleprat vil det også verte ein rikhaldig meny av både slåttar og bogedrag, stubbar og dikt frå både Voss og Fjaler, hesten Rimfakse og Gjest Baardsen, eller som dei to seier, både hest og Gjest!

Jens Brekke og Vidar Underseth er to av dei dyktigaste folkekunstnarane vi har. Jens er den fyrste i landet som har fått fartsbot på nynorsk, og Vidar er A-klassing på både fele og hardingfele, og kongepokalvinnar i dans. Regien er ved Gunn Tone Moen og Øyvind Lyslo, og framsyninga er produsert av Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Jens Brekke og Vidar Underseth
  • Produsent: Øyvind Lyslo, mob. 90 11 34 33, e-post: oyvind.lyslo@sfj.no

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Jens Brekke er frå Vik i Sogn er lærar, kulturarbeidar og forfattar. Han har mellom anna gjeve ut hefta Illustrert tyleskap med småhistorier, og Vetlaboki, eit songhefte for barnehagar. Han har vore fast kåsør i NRK Sogn og Fjordane i ei årrekkje. Som medlem av musikkgruppa «Skjerpehaugen» har han vore med på to plater, og turnert i Folkeakademia med viseprogram saman med Ottar Wiik og Ragnar Hove. Han er forfattar av bøkene Fangebrev (Selja 2008) om Olav Skjerven frå Vik, som sat nesten to år i tysk krigsfangenskap og "Dei seie so...om sogningen, sunnfjordingen og nordfjordingen" (Selja 2010) med illustrasjonar av Arnstein Mygland. Jens har vore leiar av Sivle-laget sidan starten i 2002, og har stått bak nyutgjevingar av tekstar av Per Sivle, mellom anna "Berre ein hund" (Selja 2004). I 1998 vart han tildelt Fylkesmålprisen, Vik kommune sin kulturpris 1999 og Målrosprisen 2000. (Wikipedia)

Vidar Underseth er spelemann og folkedansar frå Solund. Vidar spelar både fele og hardingfele, og har vunne Landskappleiken i pardans i 1989, 1991 og 1994. Alle tre gongane hadde med Hilde Bjørkum som dansepartnar. I 1989 fekk dei kongepokal i dans på landskappleiken. Vidar Underseth er oppvaksen i Tangenes i Solund i Ytre Sogn, og tok til å spele fele då han var 15-16 år gamal. Seinare gjekk han i lære hjå jølstringen Sigmund Eikås. I dag bur Vidar i Ålesund, og arbeider 50% som hardingfelelærar i Ålesund kommune, og 50% som fylkesmusikar i Sogn og Fjordane fylkeskommune. I 2006 ga han ut "Mine første feleslåttar", eit læreverk på DVD for fele og hardingfele. Vidar er også musikalsk leiar av hardingfelegruppa i spelemannslaget UL Ivar Aasen i Ålesund. (Wikipedia)

Publikumskommentarer