Tilbake

Mikkel & Reverockarane (H2019)

Kva med eit besøk av nokre vaskeekte reverockarar i barnehagen? Mikkel og reverockarane er eit litt annleis rockeband. Dei er nokre skikkelege luringar. Veit de kva dei gjer? Dei knabbar tekstane frå kjende barnesongar og lagar reverock av dei. Makan! Alle veit jo at «Mikkel rev» for eksempel er skriven av ... av ... ja, iallfall ikkje av Mikkel og reverockarane! Nokon meiner til og med at dei juksar med applausen slik at det skal høyrast ut som at publikum klappar ekstra mykje. Det blir med andre ord mykje tull og tøys, sleipe triks og rare påfunn med desse karane på besøk. Men kanskje det kan bli ein bra konsert likevel?

Lærarrettleiing

På konserten vert kjende barnesongar presentert og leika med på ein litt meir rocka måte enn vanleg, men det går veldig fint å synge med. Det er difor flott om barnehagane kan øve på songane nedanfor før musikarane kjem på besøk.

  • Bæ, bæ lille lam
  • Der bor en baker
  • Når trollmor har lagt sine elleve små troll
  • Mikkel rev
  • Bjørnen sover
  • Kjerringa med staven
  • Pål sine høner
  • Ro, ro til fiskeskjær
  • Lille Petter edderkopp

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Produsent: Øyvind Lyslo, mob. 90 11 34 33, e-post: oyvind.lyslo@sfj.no
  • I samarbeid med: Songn og Fjordane fylkeskommune
  • Idé/ opplegg:  Musikarane

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Publikumskommentarer