Tilbake
Eivind Kaasin
Mari Skeie Ljones
Firda Tidend

Tippe tippe tue

Eit musikalsk og leikent møte med tre av våre fremste unge folkemusikarar

I dette programmet får elevane møte dei unge folkemusikarane Malin Alander, Ingrid Stuhaug og Ole Nilssen. Dei byr på ein variert og fengande meny med både gneistrande slåttespel, vakre folketonar, og eit knippe stev, rim og regler som elevane også skal få lære seg nokre av. Kanskje blir det litt dans også?

Førearbeid

Det er fint om elevane får gjere seg kjende med songen "Tippe Tippe Tue" som ligg vedlagt som pdf og lydfil (sjå kolonna til høgre). Songen vil bli framført i starten av konserten, og elevane skal får vere med for fullt seinare i programmet.

Praktisk konsertførebuing

• Sceneoppsett: Det er lagt ut ei skisse (pdf-dokument i kolonna til høgre) på korleis utøvarane ser føre seg oppsettet av stolar. Det er tenkt ein halvsirkel med diameter 6-7 meter midt på sceneområdet, med eit "mini-amfi" rundt. Det vil seie matter fremst, så benkar og stolar. Det må også setjast fram eit bord til musikarane, og det må vere eit straumuttak nær sceneområdet. ​​​​​​​

• Aldersblanding: På skular med fleire konsertar er det fint med aldersblanding på konsertane. 
​​​​​​​• Ankomst: Musikarane kjem til skulen omlag 45 min. før konserten startar. 
• Bærehjelp: Musikarane vil gjerne ha hjelp av 2 elevar til å bere inn litt utstyr når dei kjem.

God konsert!


Lærarrettleiing

Last ned:

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Produsent: Øyvind Lyslo, mob. 90 11 34 33, e--post: oyvind.lyslo@sfj.no
  • I samarbeid med: Førdefestivalen

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Malin Victoria Alander er frå Sandane og har halde på med song heile livet. Då ho var rundt 12 år oppdaga ho folkesongen og det førte til at ho tok utdanning ved Norges Musikkhøgskole med Unni Løvlid som lærar. Ho har tidligare gått i lære hos Elin Grytting og Eli Storbekken. Malin jobbar gjerne med prosjekt der folkemusikken møter andre sjangerar, og har sidan hausten 2019 vore tilsett som distriktsmusikar i Gloppen.

Ingrid Schei Stuhaug kjem frå Naustdal. Ho speler hardingfele i Gamlebanken spelemannslag, Team GløsTøs og Ingrid & Co. Ingrid splar mykje runddans og har jobba mykje med slåttar etter Anders Kjerland og Torleiv Bolstad. Ingrid har tidlegare jobba i FolkOrg. Ho har vore tilsett som distriktsmusikarar på hardingfele i Førde sidan hausten 2019. 

Ole Nilssen  er frå Løten i Hedmark, og har utdanninga si frå Norges musikkhøgskole i Oslo og NTNU i Trondheim. Han spelar både trekkspel og toradar i tillegg til at han er ein dyktig dansar. I tillegg til å vere solist, ensemblemusiker og dansespelemann, arbeider han også som instruktør både i dans og spel. Ole har vunne Folkelarmprisen og FolkOrg sin talentpris INTRO-folk. Han har vore tilsett som distriktsmusikar i Førde sidan hausten 2019.


Publikumskommentarer

Konsert i gymsalen, Skei skule måndag 6. mars : - Det var gøy. - Dei var veldig flinke! - Ole var god til å hoppe tau, danse og snurre rundt! - Ingrid var kul og flink å spele fele. - Malin var flink å synge, men det gjekk litt fort nokre gongar. Då forstod eg ikkje kva ho song. - Vart trøytt når ho la seg ned på golvet. - Fekk lyst til å lære meg å trikse med tråd. - Av og til var trekkspelet litt høgt, så eg ikkje høyrde songen eller fela. - Spennande å sjå alt dei fann på. - Dei ville vise barn om gammal musikk og gamle barneregler. POSITIVT : Publisert av: Elin Villung (klasse - Skei skule) – 16.3.2020 14:42