Tilbake

MELTING

Veit du eigentleg kor mange gonger du kan fly til Thailand før jorda går under? Eller kor mykje CO2 det kostar å laga ei teaterforestilling?

MELTING er tre ting på ei gong; føredrag, konsert og teater. MELTING er politisk analyse, musikk framført på vinglas, og ein enorm roterande installasjon som fyller scenen og gir assosiasjonar til verdsrommet. Det handlar både om det store systemet og det vesle mennesket. 

– Kva skjer når isen smeltar? Når økonomien smeltar?
– Kva skjer når samfunnet, velferdsstaten, fellesskapet, offentleg kunstfinansiering og framtidsutsiktene våre smelter?

MELTING er eit samarbeid mellom Amund Sjølie Sveen, installasjonskunstnar Lawrence Malstaf og musikarane i Slagr.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Produsent: Amund Sjølie og BIT Teatergarasjen, Bergen (NO)

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Publikumskommentarer