Tilbake
Jan Rune Blom
Jan Rune Blom
Jan Rune Blom
Jan Rune Blom

Animasjonsverkstad V20

I løpet av ein skuledag får elevane lage sine eigne små animasjonsfilmar i Stop-motion teknikk der dei nyttar papiranimasjon/cut-out og plastilina.

Animatør Jan Rune Blom held verkstaden som startar med ein introduksjon om kva animasjon er og korleis elevane kan lage eigne filmar. Jan Rune viser klipp frå eigne produksjonar, bilete av korleis «Jul i Flåklypa» vert til og små animasjonssnuttar som beskriver ting elevane må hugse på.

Elevane startar med å skisse opp og lage figurar i papir eller plastilina. Dei vert delt i grupper og arbeider på fem forskjellige stasjonar. Mot slutten av dagen kan alle sjå filmane som er produsert på kvar enkelt stasjon. Elevane får avslutningsvis tips og råd om korleis dei kan lage eigne filmar med utstyr dei har tilgjengeleg, mobil/nettbrett.

Jan Rune kan i etterkant av verkstaden klippe saman og redigere filmmaterialet og sende til skulen, eller publisere på Youtube. Dette avtalar skulane direkte med animatøren.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland
  • Kunstnarar / grupper: PLUTOPLASTIC PICTURES

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Jan Rune Blom har lang erfaring med animasjon i Norge og har mellom anna jobba med «Jul i Flåklypa», «Herfra til Flåklypa» og «Pitbulllterje». Blom har i fleire år hatt animasjonsverkstader for DKS, Barnefilmfestivalen og mange andre.

Publikumskommentarer