Tilbake
Annikken Theodorsen
Mari Laupsa

Hei Kalas!

“Alle synger om hest og hund og katt

Om søte små valper pakket inn i vatt

Men ingen husker kloakkdyra

Kloakkdyr er bra

Stygge dyr er også bra»

Hei Kalas! syng og speler musikk med ein underfundig undertone. Songane er morosame på en trist måte, eller triste på en morosam måte. Det handlar om kva man tenkjer på og opplever i kvardagen. Store og små ting. Alt frå Kongar som dør til bukser som klør. Songane er for born, men Hei Kalas tykkjer born og vaksne er opptatt av mykje av dei same ting, berre i litt forskjellig skala. Det er ikkje enkelt å være born, eller vaksen. Det spesielle med Hei Kalas! er måten dei formidlar daglegdagse ting på. Slik at både born og vaksne kan kjenne seg att.

Hei Kalas! kjem til din skule for å undre seg over verda, livet, dyra og menneskja. Kvifor er verdsrommet uendeleg og kvifor smaker syltetøy med sand så godt?

Kven er Hei Kalas!

Heidi Marie

  • Tykkjer om: å spele gitar, drikke te, tykke labbar og andre myke ting ein kan ha på kroppen. Spise vaflar og snakke om verdsrommet.
  • Tykkjer ikkje om: mokkabønner og kø.
  • Har: møtt Dolly Parton in person to gonger.
  • Ønskjer seg: en OnePiece.

Roy Ole

  • Tykkjer om: å bu i Bergen for der regnar det heile tida. Gå med tøflar, høyre på vinylplater til langt på natt, tenne stearinlys, drikke kaffe og lese.
  • Tykkjer ikkje om: Stressa folk, sure folk, sinte folk, sjølvopptatte folk og altfor sterk sol.

Brit  

  • Tykkjer om: å sjå film, gå på oppdagingsferd i byggefelt, eta mat med bønner i
  • Tykkjer ikkje om: å stå opp tidleg og folk som trur dei er viktigare enn dei er
  • Har: det nesten alltid støvete hos meg, utanom når systera mi har vore på besøk og vaska
  • Ønsker seg: fint ver, men at eg ikkje må vera ute heile tida av den grunn. Så kanskje litt regn, då.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland
  • Kunstnarar / grupper: Hei Kalas!
  • Produsent: Jørn Oftedal
  • Idé/ opplegg: Musikarane i lag med produsent

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Heidi Marie Vestrheim er frå Øystese i Hardanger og er nå busett i Oslo. Hun er kjent som songarinne og låtskriver, og har vore med i ulike band før ho startet som soloartist i 2003. Hei Marie har også vore synleg på teaterscenen (DNS, BIT, Teatret Vårt, DKS) og som programleiar i Nrk Super.Ho har gitt ut to Quizbøker på Aschehoug, og bidratt i boken Barfot på Gyldendal Tiden, samt medverka i boka Gay Kids – Kule bornHistoria «Knølkvalen Kai» frå Godnattboka (Skald, 2007) er ein populær barneforestilling.

Heidi Marie har erfaring fra DKS og Rikskonsertane med produksjonane “Time” (musikk), “The End – a gentle reminder” (teater) og "Barbie-Nils og pistolproblemet" (litteratur)

Roy Ole Førland –er utdanna musikklærer ved Høgskulen i Volda. Jobber som musikar og komponist i Bergen samt på Barnas Kulturhus og BarneBIKS ved Bergen Internasjonale Kultursenter. Spelar med bandet «A boy Named Sue», Heidi Marie Vestrheim, lagar filmmusikk, og har erfaring fra DKS og Rikskonsertane med produksjonane «Heavykatten», «Haikutronics», «Frå Hauge til haiku» og «Time».

Brit Aksnes  kjem frå Norheimsund i Hardanger og er no busett i Bergen. Ho har bachelorgrad i Publishing frå London Universities of the Arts og grunnfag bibliotekar frå Høgskolen i Oslo. Brit er i dag frilansar og jobbar med festivalar og andre kulturarrangment og som forlagsredaktør. Ho har eit lite band som heiter Microbandet.

Publikumskommentarer

Jeg og vennen min har sett HEI KALAS.Den var gøy. Jeg og venninga mi vil se mer. Helsing Celine og veninden minPublisert av: Paulina (klasse 3,4 Fauskanger) – 15.4.2015 17:28