Tilbake
Dag Endre Opedal
Mikkel Eira / Alta museum
Arvid Sveen

Demokrati på prøve - kraft eller natur - V20

Denne produksjonen er eitt av elevane sine val - valt direkte til programmet av skuleelevar.

Kva slags demokratiske verkemiddel har vi i saker som angår oss?

Med utgangspunkt i kontroversielle kraftutbyggingar, særleg Alta-saka, skal vi sjå på kva slags verkemiddel borgarane har for å påverka politikken. Elevane får eit innblikk i korleis sivil ulydigheit kan vere med å forme framtidas politikk, og kva som skjer når natur-, miljø- og minoritetsinteresser møter makta. Skulestreik for miljøet er eit verkemiddel som er høgst aktuelt i dag.

Rollespel om Alta-saka i 2020-perspektiv – Alta-saka var ein politisk konflikt om vasskraftutbygging i Indre Finnmark i perioden1968 til 1982. Utbygginga av Alta-Kautokeino-vassdraget møtte stor motstand frå mellom andre samar, reindriftsgrupper og miljøvernarar. Her kan de lese meir om Alta-saka

Etter ei innføring i ulike omgrep, vert elevane delt inn i grupper: Dei som er mot utbygginga og dei som er for. Nokon skal òg vere medieansvarlege og belyse ei sak frå fleire sider. Elevane er sjølv aktive deltakarar i eit rollespel om eit tema ein ikkje kan stille seg likegyldig til. Til slutt vert det ein debatt leia av tilsette ved Kraftmuseet.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland
  • Kunstnarar / grupper: Norsk Vasskraft og Industristadmuseum

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Kraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum​​​​​​​ er eit levande museum som kastar historisk lys over det moderne Norge. Museet dokumenterer, sikrar, og formidlar historia knytt til elvar og vatn, vasskraftproduksjon, elektrisitet, kraftkrevjande industri og industristaden.

Publikumskommentarer