Tilbake

Engelen frå Kobane

Engasjerande og hyperaktuelt om kor sårbart det er å vere ei ung kvinne i den pågåande konflikten i Syria.  

I 2014 dukka det opp bilde av ei ung, militærkledd, kurdisk jente i sosiale medium. Ho heitte Rehana og var jusstudent. Bildeteksten fortalde at jenta skulle ha drepe over 100 IS-soldatar i dei harde kampane som den kurdiske motstandsbevegelsen (YPG) utkjempa i grensebyen Kobane. Bilde av Rehana vart delte fleire tusen gonger, og ho fekk tilnamnet «Angel of Kobane». 

Historia om Rehana er ei fiksjonsforteljing, basert på ein myte. Men alt har skjedd – og skjer framleis i verda i dag. Rehana vert stilt overfor umenneskelege val i krigen som har skapt vår tids største humanitære tragedie, der halve befolkninga er driven på flukt. 

"Engelen frå Kobane" er skrive av den britiske dramatikaren Henry Naylor og er siste del av hans trilogi om konfliktane i Midt-Austen. Stykket har vunne fleire prisar og fått strålande kritikkar. 

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Samproduksjon mellom Sogn og Fjordane teater og Hordaland teater. 

Publikumskommentarer