Tilbake
Espen Mills, Musea i Sogn og Fjordane.

Tidskapselen, Sunnfjord museum V21

Med Tidskapselen som overordna tittel for DKS-tilbodet ynskjer vi å gje elevane kjennskap til Sunnfjord Museum sitt museumsarbeid og ansvarsoppgåver for vern av kulturarv, og korleis kulturarv er med å gje grunnlag for identitet og forståelse for eigne tradisjonar som noko verdifullt. Identitetsomgrepet blir diskutert vidare i undertemaet «identitet i fortid, notid og framtid» der vi mellom anna ynskjer å gje elevane eit historisk tilbakeblikk på korleis identitetsomgrepet har endra seg gjennom dei siste 200 åra, og der vi vil gje dei eit bilete av kva grad unge på slutten av 1800-talet kunne forme sin eigen identitet. Kva er identitet, og kva spelar inn i forming av den? Kva fridom hadde ein på slutten av 1800-talet til å forme sin eigen identitet?


Viktig informasjon:
* Det er viktig at elevane kler seg godt etter vêret! Vi skal vere mykje ute! Dei må også
  ha niste og drikke med, og gjerne tørt skift med.
* Til læraren: Vi oppfordrar lærarane til å utforme sitt «Eg-tre», og til å vere delaktig i
  det som skjer under museumsbesøket.
* Alle grupper som deltek på opplegga må ha med seg ein eller fleire vaksne, og det er
  læraren som har ansvar for gruppa.

 * Vi ynskjer å gje elevane gode opplevingar, og det er bra å vere førebudd. Snakk med
   elevane før besøket. Kva er eit museum, korleis oppfører vi oss, og kva skal gå føre
   seg under besøket?
*  Meld frå i god tid om de har særskilde behov.


Fakturaadresse for transport
Vestland fylkeskommune, Postboks 7900, 5020 Bergen. Fakturaen skal sendast i EHF-format. Elektronisk fakturaadresse: 821311632.Fakturaen skal merkast med «DKS Tidskapselen + namn på skulen og ressursnummer 34807».

​​​​​​​

Lærarrettleiing

Last ned:
Lærarveiledning

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland
  • Produsent: Musea i Sogn og Fjordane, i samarbeid med DKS Vestland.

Publikumskommentarer