Tilbake
Øystein Grutle Haara

Miss Tati - V19

I eit intervju med Dagsavisen seier Miss Tati: «Fokuset mitt er å gjere gode konsertar. Eg trivst best på scena. Det er der eg er i mitt ess. Energien mellom meg, bandet og publikum er det beste eg veit».

Miss Tati skriv sin eigen musikk, og ho hentar inspirasjon frå alle stilartar ho likar - hip-hop, R&B, soul - for å laga si eiga musikalske oppskrift. Musikk er terapien for kvar og ein augneblink i livet. Elevane er inviterte med på Miss Tati si musikalske reise.

Lærarrettleiing

Ein klubbkonsert midt i skuletida?

Miss Tati ønskjer å skape ei kjensle av klubbstemning på skulen. Ho ønskjer at publikum står på konserten hennar, slik at dei kan bevege seg til musikken. Dette er slettes ikkje eit krav, og vi veit at på nokre skular er det umogleg grunna amfi med fastmonterte stolar. 

Elevmedverknad - Vil du/de vere med å danse til ein av låtane? 

Eit stykke ut i  låta "Again and again" har Miss Tati og Liliana ein dansesekvens. Dei inviterer ein dansar eller ei dansegruppe til å fortsette med dansen der dei stoppar - som ein slags "battle". Under "Lenker" til høgre finn de "Again and again" på Soundcloud, og YouTube-lenkja frå Øya-festivalen i 2015 syner Miss Tati og Liliana sin dansesekvens.

På Soundcloud - dans med elev(ar) frå ca. 03:46/På Youtube -  frå ca. 30:54

Fint om dansar/dansegruppe tar kontakt med Miss Tati før konsertstart.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Miss Tati sitt eigentlege namn er Tatiana Palanca, og ho kjem opphavleg frå Portugal og Angola. Hun flytta til Norge i 1996 og begynte med solokarrieren si i 2011. Det var ikkje før ho blei Urørtfinalist, opptredde på festivalen by:Larm og vant Forbildeprisen 2015, at karrieren tok av. Miss Tati har òg vekt oppsikt langt utanfor Norge sine grenser, og hennar singelutgjevingar har blitt omtalt av internasjonale aviser og magasin som The Guardian, ID-Magazine og Timeout London Magazine. Hun har elles spelt på VG-topp 20, BergenfestUng og MiniØya i fjor. Med seg på laget har ho produsent og trommeslagar Ivar Thormodsæter (spelar òg med rapgruppene Madcon og Paperboys), Eirik Blåsternes (spelar òg med rapparane Vinnie og Son of Light) på synth og lillesøstera Liliana Palanca på kor, perkusjon og dans. Hans Petter Heggli er lydmeistar og skrur lydeffektar til perfeksjon.

Publikumskommentarer