Tilbake
Jimmy Katz

Ornette for ungane - V19

Ornette for ungane er eit prosjekt som tar utgangspunkt i dei barnlege komposisjonane til jazzsaksofonisten Ornette Coleman. Ornette sin filosofi er at all musikalitet er verdifull, - same kva for eit nivå ein er på.

Musikarane har ein workshop med ei gruppe elevar, og saman skapar dei ein konsert med fri improvisasjon! For musikarane er det viktig å vise at all musikalsk deltaking er bra, sjølv om ein ikkje er proff. 

Lærarrettleiing

Workshop

Skulane vel ut ei gruppe på 6 til 12 elevar som møter musikarane 20 minutt før konsertstart. Desse skal vere med på workshopen og konserten. Dersom dei spelar eit instrument, kan dei gjerne nytte dette, eller dei kan få låne perkusjonsinstrument frå musikarane. Instrumentale ferdigheiter er ikkje naudsynt! Alle kan bidra i leiken kring Ornette Coleman sin musikk. Dersom det er to konsertar på same skule, ber vi om at den same elevgruppa er med begge gongane. 

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Publikumskommentarer