Tilbake
Camilla Kuhn

Skumle barnestreker - H18

Bjørn Ousland har skrive og illustrert to ganske skumle biletebøker; Småbarnsuppe (2015) og Knokkeldans (2017). Dei spanande temaene engasjerer og fascinerer unge lesarar. Men fortellingane handlar i bunn og grunn om å overvinne redsle.

I produksjonen får elevane sjå teikningar bli til på store papirark, og bli vist ferdige illustrasjonar frå bøkene. Ousland vil snakke om korleis historiane og teikningane blir til, korlesi ein skapar ein hovudperson, og korleis alle elementa blir til ei ferdig bok. Elvene blir delaktige i korleis ein enkelt kan skape forskjellige ansiktsuttrykk med å forandre på nokre strekar på teikningane. For dei yngste kan skulen/læraren evt. velgje eit annet tema fra Ousland sine biletbøker. 

Det er fint om læraren snakkar om biletebøker før besøket, og kanskje oppmodar elevane til å lage egne verk i etterkant.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland
  • Kunstnarar / grupper: Bjørn Ousland

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Bjørn Ousland er utdanna teikneserieskapar, og har jobba som serieskaper og illustratør sidan 1985. Fra ca år 2000 mest som bokillustratør og forfattar.

Ousland har skrive 21 bøker med egne illustrasjoner, og illustrert omkring 35 bøker med tekst av andre.

Publikumskommentarer