Tilbake
Marius Knutsen

Dei vonde tekstane - H18

I dei to ungdomsbøkene som Anders Totland har skrive, Engel i snøen og Så lenge ingen ser oss, tar han opp alvorlege tema som sjukdom, død og overgrep. I opplegget Dei vonde tekstane tar han utgangspunkt i korleis han jobbar med tunge tema, utan å ha opplevd det sjølv. Han snakkar om korleis ein kan byggje opp ei historie. Økta er ei god blanding av alvor og humor. 

Det er fint om klassane les ei eller begge bøkene før Totland kjem, men det er ikkje eit krav.

Arnfinn Kolerud skreiv dette då Totland besøkte Vågsøy folkebibliotek: "Eit godt døme på at ungdomen er opne for anna litteratur enn den som ligg på sals- og utlånstoppen, berre dei får sjansen til å møte han". 

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland
  • Kunstnarar / grupper: Anders Totland

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Anders Totland er forfattar og har dei siste to åra gjeve ut fire bøker. Den første ungdomsboka, Engel i snøen, vann nynorsk barnelitteraturpris for 2016. Kjem etter planen med to nye ungdomsbøker i løpet av 2018.

Publikumskommentarer