Tilbake
Flu Hartberg (illustrasjon)
Finn Ståle Felberg

Kaja og Stine følger et spor

Kaja og Stine er to små jenter som har danna detektivklubben "To små blå". I ni populære og lettleste bøker løyser dei diverse mysterium. 

Forfattar Line Baugstø har med seg eit skrin fullt av detektivutstyret til Kaja og Stine. Ho les to av bøkene og synar bilete. Ho fortel også om korleis det er å vere forfattar. Korleis får forfattarar idear til bøkene sine? Ofte kan det vere noko som skjer i livet vårt som gir inspirasjon. Det kan vere noko du ser rett utanfor di eiga gatedør, eller noko du opplever på ferie.
Forfattaren svarar på spørsmål og engasjerer elevane undervegs.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland
  • Kunstnarar / grupper: Line Baugstø

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Line Baugstø debuterte som forfattar i 1986 med romanen "Reise i gult lys" og har gitt ut til saman 30 bøker for barn og vaksne. Hun har omfattande erfaring som formidlar i barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule.

Publikumskommentarer