Tilbake
Sophia Olsson/Storytelling Media
Sophia Olsson/Storytelling Media

Sameblod

Elle Marja, 14, er ei reindriftssamisk jente. Ho blir utsett for rasisme på 1930-tallet, og rase-biologiske undersøkingar på kostskule. Ho byrjar å drøyme om eit anna liv, og for å oppnå det, må ho endre seg, og bryte alle band med eigen familie og kultur.

Sameblod er ein film som også utforskar ungdomsopprør, sjølvrealisering og økonomisk makt. Vi får sjå korleis eit samfunn kollektivt kan påføre menneske skamkjensle som fører til sjølvforakt og øydelagde familiar.

Etter filmvisninga vil elevane få møte og samtale med  skodespelar Lene Cecilia Sparrok og formidlar Anders Fitje.

Lærarrettleiing

Last ned:
Sameblod - pedagogisk opplegg

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Publikumskommentarer