Tilbake
Prestgaard/Andersen
Prestgaard/Andersen
Prestgaard/Andersen
Prestgaard/Andersen
Prestgaard/Andersen
Prestgaard/Andersen

Verken fugl eller fisk - i eit hav av plast

Verken Fugl eller Fisk - i eit hav av plast

Saman med elevane undersøkjer miljøkunstnarane Kari Prestgaard og Astor Andersen korleis plastsøppel påvirkar livet i havet. Kva skjer med fuglane og fiskane langs kysten vår? Kan det å lage kunst av strandplast være med på å løyse dette veksande miljøproblemet? I samtale med elevane forsøker også kunstnarane å finne ut kva som gjer at noko kan kallast søppel.

I ein to timars workshop arbeider elevane med plastbitar kunstnarane har samla på strender over heile verda. Alle materialer er vaska, rensa og sortert. Elevane sine arbeid vert fotografert og digitale filer vert sendt til skulane etter kvart som dei er klare . Dermed kan klassen sine bilder enkelt printast ut på ein fargeskrivar. Skulene vert oppfordra til å publisere og dele elevane sine arbeid på sosiale medier.

Eit utvalg av bilda som vert laga på turnéen i fjor vart vist som utstilling på Stortinget i samband med Nordisk råds 70. sesjon i månadsskiftet oktober/november 2018. Prestgaard/Andersen donerte også to store kunstprint frå turneen i fjor haust til den direktesendte auksjonen under TV-aksjonen 2018.

- Søppel finst ikkje, berre ressursar på avveg.

Lenkjer til filmar, lærerveiledning og omtale av workshop ligg under bilete,videoar, lydklipp, vedlegg

Lærarrettleiing

Last ned:
Lærerveiledninger

Lærarrettleiing 1

Vi anbefala Planet Plast som førebuing til workshopen Verken Fugl eller Fisk. Dersom tida ikkje strekk til slik at de kan vise heile Planet Plast har NRK Skole mange gode og korte programklipp om plast i havet. NRK Skole har òg laga to filma om Prestgaard/Andersen og Verken Fugl eller Fisk.

Sjå filmane her: 

NRK Skole / Verken Fugl eller Fisk - 1   

NRK Skole / Verken Fugl eller Fisk - 2


Lærarrettleiing 2

Etterarbeidet opnar for tverrfagleg læring og tankevekkande oppgåver. Prestgaard/Andersen sender digitale biletfiler med arbeidet til elevane til skulane veka etter workshopen. Filane er tilpassa utskrift på fargeprinter i A4 eller A3. Vi har tidligare erfart at elevar som får arbeide vidare med resultata frå denne workshopen får eit sterkt eigarskap til temaet og eigen læring. Bileta egner seg godt for fagoverbyggande og tverrfaglege oppgåver.


Forslag til etterarbeid og oppgaver:

Kunstutstilling - Bileta kan bli printa ut og laga som ei pop-up utstilling i klasserommet eller på ein ledig vegg i skulemiljøet. Bruk Tack-It til å feste bileta. Inviter inn andre klasser og/eller føresatte til utstillingsopning. Bak boller, steik vafler og server saft. Arranger ein auksjon og selg bileta til inntekt for TV-aksjonen eller ein lokal foreining. Garantert kjekt og lærerikt.

Invitasjon/katalog - Lag eit enkelt hefte eller eit ark som inviterer til og informerer om kunstutstillingen og auksjonen.

Plakater - Elevane lager plakata der bodskapet kan vere kunstutstilling eller stopp plastforsøplingen av havet. Tema og fakta for plakatane kan de hente frå NRK Skole, NRK Planet Plast og ulike miljøorganisasjonar sine heimesider osv.

Pressemelding - La elevane skrive og sende ei pressemelding og pressebilete til aviser, radio og TV. Korleis er ei pressemelding bygd opp? Korleis skiljer nyhetstekstar seg frå fiksjon, skjønnlitterære og faglitterære tekstar?

Postkort - Elevene lager eit postkort med for- og bakside. Kortet printes ut og elevane må finne namn og adresse på mottakar av kortet og finne ut kor mykje det kostar å sende kortet. Dersom det er økonomi til det, er det morsomt om korta òg kan bli sendt til mottakar. Kanskje statsministeren eller klima- og miljøministeren skal få eit kort? Eller kvifor ikkje sende eit kort til kongen og spør han, som liker så godt å segle, om hjelp til å passe på havet? Og kva med ordførar i kommuna?

Visittkort - Elevane designar og printer sine eigne visittkort.

Fortelling - Elevane skriver ei fri forteljing om plastbitane dei ser i bileta. Kvar kjem dei frå? Kva var det som skjedde før bitane endte opp på ei strand? Kvifor ser plastbitane slik ut? Denne oppgåven kan bli brukt i både norsk og engelsk.

Buttons - Nokre skular har utstyr til å lage buttons. Dette er ei enkel oppgåve med låg terskel. Her får alle eit kult resultat. Buttons kan òg kombineres med kunstutstilling. Buttons med budskap om havet kan til dømes selgast til inntekt for eit godt formål.

Workshop

Etter ei kort innleiing blir klassa delt inn i tre gruppe. Gruppene rotera i økter på 30 minutter på tre arbeidsstasjonar. På kvar stasjon blir det arbeida med strandplast. Kunstverka som blir skapt blir demontert etter fotograferinga slik at plastbitane kan bli brukt på nytt i nye workshops. I løpet av to klokketimar har alle elevane fått deltatt på samtlige tre stasjonar. Workshopen blir avslutta med ei felles samling og visning av arbeidet til elvane på storskjerm.

Stasjon 1:
Fellesoppgåve der alle elevane bidrar med å lage ein realistisk fugle- eller fiskeart frå norskekysten.

Stasjon 2:
Individuell oppgåve der kvar elev lager ein fantasifugl- eller fisk.

Stasjon 3:
Arkeologioppgåve der elevane brukar lupe for å leite etter spor som kan fortelje noko om kvar plastbitane kjem frå og kva dei har blitt brukt til. På mange plastbitar kan ein finne små bokstavar, tal, logoar og produsentmerke som er støypt inn i materialet. På denne stasjonen brukar elevane PC eller nettbrett for å søke opp informasjonen frå plastbitane dei jobbar med.

Det blir ikkje brukt lim eller verktøy på workshopen. Det store fellesbildet blir laga laust utan eit festemiddel. Fantasibileta blir bygd ved hjelp av Tack-It ("lærertyggis").

Utstyr frå skolen
Fire gode arbeidsbord.
10 elev-PC’ar eller nettbrett.


Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Kari Prestgaard og Astor Andersen
  • Idé/ opplegg: Prestgaard/Andersen.

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Kari Prestgaard, billedkunstner og pedagog Astor Andersen, billedkunstner og AV-tekniker.

Publikumskommentarer

Strålande opplegg. Noko av det beste vi har vore med på i den sjangeren :)Publisert av: Gunnfried Sund (klasse - Krokane skule) – 26.9.2019 8:55