Tilbake
Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.
Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.
Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.
Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.
Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.

Avtrykk - H20

"Avtrykk" er ei utstilling, inkludert ein mobil verkstad med tresnitt som utgangspunkt. Tresnitt er den eldste grafiske teknikken, med røter tilbake til gamle Egypt, Romerriket og Kina. Sjølv om den har røter langt bak i tid er den like aktuell i vår digitale tid.

I utstillinga vert merksemda retta mot tresnitt som medium og uttrykk, der elevane får sjå verk av kunstnarduoen Cathrine Dahl og Ørjan Aas. Dei to kunstnarane jobbar med tresnitt i nye og ukonvensjonelle format i svart-kvit. Billetespråket er ofte henta frå video, teikning og fotografi. Historier vert fortalde på ny, gjerne lag på lag, og blir til nye univers. I verkstaden får elevane lage sine egne univers ved å utforske nokre av dei moglegheitene som ligg i denne grafiske teknikken.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland
  • Produsent: Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.
  • Idé/ opplegg: Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.

Publikumskommentarer