Sogn og Fjordane fylkeskommune
Postadresse: Postboks 173, 6801 Førde
Besøksadresse: Nærings- og kulturavdelinga, Storehagen 1B, 6800 Førde
Telefon: 576 38 000 • Nettstad: www.skulesekken.no
Kontaktperson:
Filum Falum Fele
Produksjonsliste
Program

Filum Falum Fele

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Gro Marie Svidal er ein folkemusikar utanom det vanlege. Ikkje berre tilhøyrer ho eliten blant hardingfelespelarar i landet, men ho har også sansen for drama, forteljing og skodespel. I "Filum Falum Fele" får borna oppleve Gro Marie både som utøvar på hardingfele og som historieforteljar. Gro Marie fortel ei historie ho har laga sjølv om ei lita jente som dreg ut i naturen, inn i skogen, over myra og opp på fjellet. På vegen møter ho mange dyr og ulike instrument, og etterkvart ein litt rar mann med ei kasse. Kva som er inne i kassa får borna vite når Gro Marie kjem til barnehagen. Borna blir trekt med i historia gjennom song og aktivitetar undervegs.

Førebuing 

Det er fint om borna i barnehagen kan lære seg den magiske regla Filum Falum Fele og songen om ekornet som gjekk på vollen og slo.

FILUM FALUM FELE 

  • Filum falum fele
  • Du kan også spele
  • Dans deg svett
  • Det er lett
  • Filum falum fele
  • Lirum larum lyra
  • Pass deg ut på myra
  • Hopp og sprett
  • Ikkje dett
  • Lirum larum lyra
  • Birum barum bira
  • Alle saman flira
  • Tommel hit
  • Tommel dit
  • Birum barum bira

Dei vaksne i barnehagen må gjerne lage fleire magiske vers saman med borna, basert på forma ovanfor.

Til dømes "Sirup Sarup Seira, det vil vi ha meir av, kom igjen, lille ven, Sirup Sarup Seira". Bokmålsvariantar går også bra.  

EKORN GJEKK PÅ VOLLEN OG SLO

  • Ekorn gjekk på vollen og slo, og ekorn ljåen førte
  • Ekorn gjekk på vollen og slo, og ekorn ljåen førte
  • Skjora lesste, kråka drog, og vesle pusekatten kjørte 

Sjå vedlagte link til video på YouTube med Unni Løvlid. Borna treng ikkje lære trallinga.

GOD KONSERT!

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Gro Marie Svidal
  • Produsent: Øyvind Lyslo, mob. 90 11 34 33, epost: oyvind.lyslo@sfj.no
  • Idé/ opplegg: Gro Marie Svidal

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Gro Marie Svidal er frå Jølster, og byrja å spele hardingfele med Sigmund Eikås som lærar. Seinare studerte ho på Ole Bull Akademiet og Norges Musikkhøgskule, der ho tok master med oppgåva "Ve'dunderlæ: perspektiv på den munnlege kommentaren i hardingfelekonserten". Gro Marie er både hardingfelespelar, komponist, dansar og produsent. Ho spelar særleg tradisjonsmusikk frå Sunnfjord, Sogn og Voss. Gro Marie Svidal har vunne både Landskappleiken og Vestlandskappleiken, ho har gjort fleire kritikarrosa CD-innspelingar og fått ei rekkje stipend.

Multimedia og vedlegg

Bilete

Gro Marie Svidal
Foto: Martin Hugne
Gro Marie Svidal
Foto: Martin Hugne

Video/Lyd

Musikk / Tradisjonsmusikk, norsk
Trinn: 3 år - 5 år
Praktisk informasjon
Kontaktperson utøvar
Gro Marie Svidal, mob. 900 85 207, e-post: gmsvidal@gmail.com
Arrangørar
Arrangert av:
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Produsent
Øyvind Lyslo, mob. 90 11 34 33, epost: oyvind.lyslo@sfj.no