Tilbake
Øyvind Lyslo

Smeltedigelen

Smeltedigel med spennande musikalske ingrediensar

Bli med inn i Distriktsmusikarane i Gloppen sin musikalske smeltedigel, og opplev deira unike blanding av uttrykk og stilartar i ein variert musikalsk meny frå opera til pop. Vi får høyre klassisk musikk av Pachelbel, Bach og litt opera av Handel blanda saman med popmusikk av Pharell WIlliams (Happy), Silja Sol (Dyrene) og Alan Walker (Faded). Elevane skal også medverke på deler av konserten, og vi ber om at dei syng med på refrenga på Faded ("Where are you now"), og at dei kan synge med på Dyrene og refrenget på Happy (sjå link til videoar på YouTube). Tekstane finn de som pdf-filer annan stad på denne sida. Elevane treng altså ikkje synge heile teksten, berre refrenga som står med utheva skrift. 

Særskilt for denne konserten

Publikumsoppsettet til denne konserten er ein trekant på ca. 7 x 7 x 7 meter, der musikarane står på den eine sida, og elevane sit mot kvarandre på dei andre to sidene. Det vert soleis eit sceneareal i midten der elevane sit på kvar side (sjå pdf med illustrasjon). 

Lærarrettleiing

Last ned:

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Distriktsmusikarane i Gloppen
  • Produsent: Øyvind Lyslo, mob. 90 11 34 33, e-post: oyvind.lyslo@sfj.no
  • Idé/ opplegg: Distriktsmusikarane i Gloppen i samarbeid med produsent Øyvind Lyslo

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Distriktsmusikarane i Gloppen vart starta i 1987. Gloppen kommune har vore vertskommune for distriktsmusikarordninga i Sogn og Fjordane sidan 1987. I dag tel ordninga tilsaman tel 17 musikarar.

Publikumskommentarer