Informasjon om koronasituasjonen

Avlysing av DKS-program ut april (27.03.20)
DKS Vestland avlyser alle program i fylkeskommunal regi ut april. Vi vil kome tilbake med meir informasjon om kva som skjer med DKS-arrangement som er planlagde etter 1. mai.

Utøvarar/programtilbydarar vil få betalt for avtalte oppdrag i perioden, men med atterhald om at program kan gjennomførast på eit seinare tidspunkt om fylkeskommunen ynskjer det og utøvar har høve til det. Honorar for avlyste program vert ikkje utbetalt om inntektststap er dekt gjennom andre støtteordningar.

Ta kontakt om de har spørsmål.

---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Gjeld korona-smitte (12.03.20)
Vestland fylkeskommune har i dag, 12. mars, beslutta å avlyse alle DKS-arrangement i fylkeskommunal regi frå 13. mars til og med 3. april 2020. Dette er eit førebyggande tiltak for å unngå smittespreiing.

Alle utøvarar som har kontrakt for oppdrag i perioden vil få betalt for planlagde oppdrag i samsvar med kontrakten.