Handsaming av forslag til DKS-programmet 2020-2021

Den kulturelle skulesekken (DKS) skal sikre eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod i skulen på ein måte som understøtter det pedagogiske arbeidet og bidreg til realisering av skulen sine læreplanmål. Det samla programmet skal omfatte visuell kunst, film, litteratur, scenekunst, musikk, kulturarv og kunstartar i samspel. Elevane skal gjennom skulegangen få eit variert tilbod, og oppleve profesjonell kunst og kultur både på skulen, kulturhus og andre kunst- og kulturinstitusjonar/ -arenaer. DKS-programmet er for elevane og skal skje i skuletida.

Prosedyrar for arbeidet med programmet vart handsama i Hovudutvalet for kultur,Idrett og integereing 04.06.20.

Måla for DKS i Vestland er:
- å medverke til at elevar i skulen får eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod,
- å leggje til rette for at elevar i skulen lettare skal få tilgang til, gjere seg kjende med og utvikle forståing for kunst- og kulturuttrykk av alle slag, 
- å medverke til å utvikle ei heilskapleg innlemming av kunstnarlege og kulturelle uttrykk i realiseringa av skulen sine læringsmål.

For å sikre ei god kvalitetsvurdering av produksjonane, og transparente prosessar der alle utøvarar har likt høve til å fremme forslag til programmet, ligg prosedyrar som er funderte på forvaltningsetiske prinsipp til grunn for arbeidet med DKS. På bakgrunn av dette medverkar faggrupper og eit ungdomsprogramråd i arbeidet med å fastsette DKS-programmet.

- Alle forslag vert vurderte og Vestland fylkeskommune vektlegg følgjande uttykk i programmeringa:

          1.–4. trinn: musikk, litteratur

          5.–7. trinn: visuell kunst, scenekunst, musikk

          8.–10. trinn: film, litteratur

          Vidaregåande skule: alle uttrykk

Forslag innan kulturarv får plass i ulike delar av programmet.

Følgjande kriterium ligg til grunn for utvalet av kunst- og kulturproduksjonar i DKS-programmet:

DKS Vestland skal syte for at alle elevar i fylket får oppleve kunst- og kulturuttrykk av høg kvalitet. Tilbodet skal vere variert og leggje til rette for inkludering og mangfald. Eit sentralt mål er å nytte regionale og lokale utøvarar i DKS-programmet og å auke tilfanget av nynorskproduksjonar.

Bergen kommune er den største direktekommunen i Noreg, og ei mengd større kunst- og kulturinstitusjonar har sitt hovudsete her. Både desse og frie grupper og utøvarar skal ha plass i DKS-programmet.

- Kvar produksjon i programmet skal ha kvalitet og profesjonalitet i innhald og formidling.

- Programmet skal som hovudregel gjennomførast i skuletida.

- Programmet skal ikkje erstatte delar av skulen si undervisning i estetiske fag.

- Programmet skal ha variasjon i uttrykk og sjangrar, spelestad og formidlingsmåte. I det samla programmet skal det også vere produksjonar på tvers av uttrykk. Nyskapande kunst skal prioriterast.

- Programmet skal ha særleg vekt på regionale og lokale utøvarar.

- Programmet skal ha god kjønnsfordeling blant utøvarane.

- Programmet skal ivareta minoritetar og leggje til rette for inkludering.

- Programmet skal innehalde ein høg del produksjonar på nynorsk og ulike målføre.

- I det samla programmet skal det vere god balanse mellom produksjonar av/med frilansutøvarar/frie grupper og større kunst- og kulturinstitusjonar.

- På scenekunstfeltet skal tilbodet fordelast slik at større kunst- og kulturinstitusjonar og frilansutøvarar/frie grupper kvar skal ha minimum 30 prosent av volumet i høvesvis grunnskulen og vidaregåande skule dersom det er grunnlag for det.

Faggrupper og ungdomsråd

Det er etablert faggruppe for kvart av dei seks uttrykka i DKS (film, kulturarv, litteratur, musikk, scenekunst og visuell kunst), og eit ungdomsprogramråd.

Faggruppene gjer den faglege vurdering av alle innkomne forslag, og tilrår produksjonar som kan inngå i programmet.

Ungdomsrådet deltek i arbeidet og velgjer ma ut nokre produksjonar for vgs og ungdomstrinnet.

Direktør for kultur, idrett og inkludering vedtek programmet. 

NB! Frist for innsending av tilbod til skuleåret 2021-2022: 1. oktober 2020

Skjema for innmelding->