Sogn og Fjordane fylkeskommune
Postadresse: Postboks 173, 6801 Førde
Besøksadresse: Nærings- og kulturavdelinga, Storehagen 1B, 6800 Førde
Telefon: 576 38 000 • Nettstad: www.skulesekken.no
Kontaktperson:
Dans vêret!
Produksjonsliste
Program

Dans vêret!

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

”Dans vêret!” er eit kunstfagleg prosjekt som  vil bruke lesing, dans og  leik for å lære.

Barna skal bli utfordra til å bruke heile kroppen når dei skal tenkje på vêr og klima. Dei skal få høve til å utprøve og uttrykke eigne røynsler og haldningar. Slik vil prosjektet gå nye vegar for å  auke lesegleda og gi kunnskap om eit viktig tema.

Barna skal få møte ein dansar og ein musikar, men dei skal også sjølve få danse med. Dei skal få bruke både tanke og kropp for å forstå korleis vêret blir til.  Elevane i 3.-4. klasse vert med på ein time innøving på føremiddagen, etter lunsj er dei med på framsyninga som blir for 1.-2.trinn.

LESE, DANSE, LÆRE

Når det regnar i Afrika (Samlaget 1015)  er ei fagbok om vêr og klimaendringar. Boka som er skriven av Erna Osland, er gjennomillustrert av Per Ragnar Møkleby. Denne boka er den faglege ressursen. Men klima og dans høyrer saman – vêr er rørsler, så i tillegg kjem dans. Prosjektet har nyskriven musikk og lydbilde som skal vere med å tydeleggjere og engasjere.

"Dans vêret!"  er delt inn i tre deler:

  1. Undervisningsopplegg som kan takast i bruk av lærarar i for-/etterkant av prosjektet. Dette vert tilgjengelig i førekant.
  2. Møte med elevane og dansar / musikar – danseworkshop rundt tema. Det vil bli tatt utgangspunkt i dei tankane og ideane som deltakarane har om dans, rørsler og lyd i samanheng med fagboka. Elevane øver inn felles song med rørsler.
  3. Framsyning  med dansaren der elevane deltek med lydbilde og rørsler som dei sjølve har laga på workshopen. 

Det er viktig at skulen tek omsyn til dei  rammefaktorane som kan vere med på å mogleggjere eller avgrense  opplegget. Kva rom har vi til bruk? Kva tid har vi? Kva lærarar kan vere med å hjelpe til?  

Lærarrettleiing

Om Dans vêret!
Last ned:

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Produsent: Vestlandske Teatersenter
  • Idé/ opplegg: Erna Osland, Frøydis Flotve, Ine Terese Hogstad og Hanne Vatnøy

Multimedia og vedlegg

Bilete

Dans veret foto-privat.jpg
Foto: Ine Terese Hogstad
Scenekunst / Dans
Trinn: 1 - 4
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Kontakt DKS: Øyvind Høstaker oyvind.hostaker@sfj.no tlf: 95222168
Programlengde
Eit rom med plass til dans. Workshopen kan vere i klasserom. Gjerne gymsal til framsyning. «Scenen» bør vere 8x8 meter.
Maks publikumsantal
120
Arena / rom
Workshop kan vere i klasserom, framsyning i gymsal
Workshop
Treng rom med plass til dans. Workshopen kan vere i klasserom. Gjerne gymsal til framsyning. «Scenen» bør vere 8x8 meter. 
Berehjelp
Ja
Litteratur
Materiell som vert tilgjengeleg for skulane i god tid:
  • Framlegg til for- og etterarbeid i klassen.
  • Teksten til songen Du må vakne og lydinnspeling ein kan øve til.
  • Film av koreografi til songen, med forklaring.
Merknad
Utøvarane har med seg nødvendig utstyr slik at dei kan kople til smartboard, projektor, anlegg etc. Projektor og PA kan dei medverkande ta med sjølve. Dei treng eit rom med blending og ei lydkjelde dei kan kople seg til. Pianist har med seg El-piano.  
Arrangørar
Arrangert av:
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Produsent
Vestlandske Teatersenter